>
> Motiva for EU-motstanden er mangfaldige, og det er ikkje til å stikke
> under stolen at nokre av dei er djupt reaksjonære. Difor kan ein ikkje
> anna enn å smile kvar gong det blir skrytt over at EU-motstanden i det
> norske folket er så og så stor. Når venstresida legg så stor vekt på det
> kvantitative, er det eit teikn på manglande politisk gangsyn.
>
Det er vel heller ikkje til å stikke under ein stol at nokre EU-tilhengjarar er djupt reaksjonære (t.d. innafor Frp - sjøl om kanskje partiet snur). Ut frå OG sin argumentasjon, kan då venstresida heller ikkje være _for_ medlemsskap i EU utan å få skit på fingrane.
Når venstresida legg så stor vekt på det kvantitative, er det fordi det trengst eit fleirtal i ei folkerøysting for å halde oss utafor EU, det skal ikkje stort politisk gangsy for å skjøna det!
Magnar J. Olsen
This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Apr 04 2001 - 14:06:42 MET DST