Le Mer, 4 Apr 2001 15:03:41 +0200
"Magnar Jarle Olsen" <mjolsen@online.no> a écrit:
> Det er vel heller ikkje til å stikke under ein stol at nokre
> EU-tilhengjarar er djupt reaksjonære (t.d. innafor Frp - sjøl om kanskje
> partiet snur). Ut frå OG sin argumentasjon, kan då venstresida heller
> ikkje være _for_ medlemsskap i EU utan å få skit på fingrane.
> Når venstresida legg så stor vekt på det kvantitative, er det fordi det
> trengst eit fleirtal i ei folkerøysting for å halde oss utafor EU, det
> skal ikkje stort politisk gangsy for å skjøna det!
Eg har aldri vore usamd i at ganske mange norske EU-tilhengjarar
("JA-sida") er reaksjonære, men det er vel ikkje det me diskuterer.
Poenget mitt er at den reaksjonære karakteren til store deler av Nei-sida
systematisk blir løynd, oversett eller bortforklåra.
Av di ein heile tida diskuterer Europa-spørsmålet i høve til medlemskap
eller ikkje, blir den politiske debatten oppi alt dette einspora og
skrantande. For meg handlar det ikkje om eit for eller mot Europa, men om
kva slags Europa det er verd å kjempe for. Det europeiske samarbeidet har
eksistert i mange år, og kjem til å halda fram og bli utbygd. Det er
såleis bortkasta tid å late som om dette ikkje eksisterer, som om det er
døyande, eller som om ein kan oversjå det og unngå det.
Den dagen Noreg treng Europa for pengepungen si skuld, vil nok pipa få ein
annan lyd. Poenget for venstresida burde vera å ta tak i dette før det
kjem så langt, og stake opp eit politisk prosjekt for eit Noreg i Europa
(og verda) som går langt utover dei populistiske og lettvinte
"løysingane". Slik det no er, veivar venstresida i hælane på navleskodande
næringsinteresser og sjåvinistiske drøymarar. Dette er eit svært
reaksjonært prosjekt, spør du meg.
Oddmund Garvik
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif
This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Apr 04 2001 - 15:28:17 MET DST