Le Mar, 03 Apr 2001 17:16:23 +0200
Karsten Johansen <kvjohans@online.no> a écrit:
Grytten:
> >- I den neste kampanjen vil vi se en langt sterkere høyreside anført av
> >Carl I. Hagen og Vidar Kleppe. Det største nei-partiet kommer uansett
> >til å være et ytterliggående høyreparti. Da får vi også en annen
> >EU-debatt, mener han.
>
> Har han ikke fått med seg at Hagen har kastet ut Kleppe av Frp.? Og at
> den norske Nei-siden er avvisende til slike som både Hagen og Kleppe?
Same kva Hagen måtte meine, er nok det store fleirtalet av Frp sine
veljarar EU-skeptiske og -motstandarar. At Kleppe er ute, forandrar ikkje
så mykje på det, heller ikkje det at visse deler av den norske Nei-sida
står langt frå desse politisk.
Motiva for EU-motstanden er mangfaldige, og det er ikkje til å stikke
under stolen at nokre av dei er djupt reaksjonære. Difor kan ein ikkje
anna enn å smile kvar gong det blir skrytt over at EU-motstanden i det
norske folket er så og så stor. Når venstresida legg så stor vekt på det
kvantitative, er det eit teikn på manglande politisk gangsyn.
Kor lenge skal ein halda fram med å feie under matta at ein stor del av
EU-motstanden er basert på nasjonalsjåvinisme og fikse idéar om omverda?
Eg har fleire gonger teke til motmæle mot ideen om nasjonen
("territorialstaten") som grunnleggjande element i samfunnsbyggjinga.
Denne overlevninga frå den sovjetiske nasjonalkommunismen (stalinismen) er
ein svært seigliva idé på den nor(di)ske venstresida, men så godt som
ikkje-eksisterande i Europa. Slik utmerker den nor(di)ske
venstremotstanden seg i europeisk samanheng. Ikkje nokon annan stad finst
det liknande konstellasjonar som i Norden - særleg i Noreg. Eg terpar på
dette fordi det blir oversett, eller bortforklåra i dei fleste
samanhengar.
På den andre sida er eg sjølvsagt ikkje imponert av Europa-skrytet til
Grytten. Han er like kunnskapslaus og overflatisk som tenorane på
nei-sida:
> >Liker sosialist-EU
> >Han sier EU for tiden styres av et flertall sosialdemokrater, og han
> >liker det han ser:
> >
> >- EU utvikler seg på en måte jeg er glad for. For meg er det viktig å
> >understreke at EU ikke er noe markedsliberalistisk prosjekt. Det er
> >ikke minst i ferd med å utvikle seg til et alleuropeisk samarbeid.
>
> Her får vi vite mye:
>
> 1) Grytten kjenner hverken til hvordan EU ledes eller de politiske
> forholdene i de viktigste medlemslandene
Europa er samansett av nasjonalstatar med om lag same regime som i Noreg.
Ideen om at det norske samfunnet skulle vera meir utvikla, meir
demokratisk, mindre korrupt og nedlatande enn samfunna i Europa, er det på
høg tid å ta eit oppgjer med, for dette er ein grunnleggjande falsk idé.
Det kan hende det norske samfunnet er meir gjennomsiktig enn dei store
europeiske, men det er naturleg sett på bakgrunn av at folkemengda er lita
og meir homogen. (Det såkalla multikulturelle Noreg er i stor grad ein
illusjon ettersom dei som kjem utanfrå ikkje har særleg innverknad på
kulturen og samfunnslivet. Det er framleis i stor grad "Norge for
nordmenn.)
> 2) Han vet ikke hva "sosialdemokrat" historisk sett har stått for (ingen
> av dem han velsigner med betegnelsen er det)
Eg vil ikkje seia "ingen", men spørsmålet er underordna. Det er vel elles
normalt at Grytten likar eit Europa "styrt" av på papiret
sosialdemokratiske/sosialistiske parti. Men det er også underordna.
> 3) Grytten tror at noe han kaller "markedsliberalisme" (hva er
> "statsliberalisme"?) er det motsatte av noe han kaller "alleuropeisk".
> Er han ikke klar over at det sentrale i EU er markedet og de fire
> friheter?
> At det først het "Fellesmarkedet"? At grunnen til at "alle", dvs. alle
> mulige som har noe å selge, vil inn i EU er markedet? Gryttens
> framstilling av EU er en grovt forenklende skjønnmaling og forfalskning
> som det ikke er umaken verd å debattere engang.
Eg trur du bommar her. Ein må skilje mellom ulike idéar om Europa, og
visse realitetar I DAG. Eg er ikkje fullt så deterministisk i synet mitt
på det europeiske samarbeidet. Idéen om Europa som ei kremmarverd, ein
marknad, er nok ein gong først og fremst ein nordisk idé (skræmebilete).
Det går føre seg mykje i Europa, og ein del av dette er fullt av
motsetningar. Det er med andre ord snakk om klassekamp.
Dei finst fleire syn på det framtidige Europa, og det finst krefter som
arbeider i skuggjen. I mange år har dei marknadsliberale kreftene hatt
overtaket, men motstanden aukar, og det er her håpet om framtida ligg. Det
er her den nye motstandsrørsla som Attac er ein del av, opererer. Attac er
ikkje aleine - det finst eit langt større mangfald i denne rørsla enn
mange trur. Det finst derimot ikkje "progressive" frendar i Europa for den
nasjonalkommunistiske idéen. EU-motstand etter norsk oppskrift er
heilt marginal. Når AKP t.d. delte ut ein løpeseddel på engelsk under
EU-toppmøtet i Nice i fjor haust, blei det ikkje lagt merke til ein gong.
Den nasjonale EU-motstanden i Europa er og blir ei sak for ytre høgre.
C'est comme ça !
> >Grytten påpeker at Norge nå ikke trenger en debatt om ja eller nei til
> >EU, men en debatt om Norges forhold til Europa.
> Men for Grytten er jo EU = "Europa", så dette er en demagogisk finte som
> ethvert barn kan gjennomskue. Den har han lært på AUFs grunnkurs i
> politisk dressur. Han har ikke oppdaget at Europa er forsvunnet for
> lengst (det skjedde med 1. verdenskrig). Europa var kulturelle
> tradisjoner i f.eks. renessansen, romantikken osv. Alt dette er dødt for
> lengst, og når EU prøver å markedsføre seg med en aura av Beethoven osv.
> er det platt historieforfalskning og propagandaløgn. EU hviler på
> ruinene av det europeiske, som var en historisk periode. EU er i
> kulturell henseende Melodi Grand Prix, og man kan knapt tenke seg noe
> som er lenger fra europeiske kulturer. EU er euro-Disneyland og
> euro-Hollywood, kanskje med litt operettesaus.
Eg veit ikkje alt om kva Noreg treng, men kvar gong eg kjem på vitjing
slår det meg at det er eit enormt gap mellom sjølvbiletet og visse
realitetar. Noreg treng sikkert ikkje berre ein debatt om tilhøvet til
Europa, men også om tilhøvet til resten av verda (utanom USA og Israel).
Idéen om at Europa=EU er ein svært utbreidd idé, og ikkje feilaktig på
bakgrunn av at dei fleste landa i Europa er/har søkt om å bli medlem. Det
er med andre ord eit politisk og geografisk faktum som nokre få land
utanfor ikkje kan rokke ved.
Det gamle Europa er ikkje heilt borte. Ting, folk og land forandrar seg,
men ingenting forsvinn. Europa i dag er ein del av ein historisk
tradisjon. Ingen pretenderer at rennessansen eller opplysningstida er
levande, men dette er element i den europeiske kulturen (som også Noreg er
ein del av).
Det kulturelle forfallet kjem frå den globaliserte angloamerikanske
kommersialiseringa av "kulturelle produkt". Dette presset merkar ein meir
og mindre i heile Europa. Nokre land har større evne til å stå imot, andre
er mest like underdanige i høve til God's Own Country som Noreg. Det er
vrøvl å seia at "EU er euro-Disneyland og euro-Hollywood, særleg frå ein
norsk ståstad. Det er sjølvsagt langt meir nyansert enn som så.
Ein kan kanskje (utan å overdrive så mykje) seia at Noreg "i kulturell
henseende er Melodi Grand Prix". Men ikkje Europa. (Melodi Grand Prix er
forresten i dei fleste europeiske landa ei ikkje-hending, eller eit
fenomen som druknar i støyen - kona mi såg dette showet for fyrste gong i
sitt liv ein gong me var i Noreg, og ho blei forbausa av alt oppstyret, og
at det tydeleg var ei viktig "kulturhending").
Ein kunne sjølvsagt også replisere at den norske kulturen var daud, men
det ville vera feil. Den norske kulturen er levande, sjølv om han ikkje er
den same som han var. Alt forandrar seg. Den norske kulturen var
(er) ein bondekultur. Difor må dei norske besteborgarane spa fram noko
som eigentleg er dei heilt framandt kvar gong dei treng å vise fram den
norske nasjonalmytologien. Dei nyrike bygg seg hyttepalass inspirert av
dei same kjeldene. Dette er eit av særprega til Noreg.
> >- Sterk høyreside vil si nei
> >Sigurd Grytten tror en fremtidig debatt om norsk medlemskap vil preges
> >av at "den ytterliggående høyresiden sier nei".
> >
>
> Dette er Gryttens ønsketenkning. Valgresultater skifter, og om få år er
> EU sikkert dominert av de høyrekonservative mens valgdeltakelsen synker
> og synker mot at kun den rikeste tredjedelen av velgerne deltar som i
> USA, mens Bush den 2.'s politikk går sin seirsgang og den neste fasen i
> overgangen til en totalitær kapitalisme realiseres.
Dette blir altfor skjematisk, og to former for ønskjetenkjing stilt opp
mot kvarandre. Eit høgrekonservativt Europa er lite sannsynleg, og ville
elles vera slutten på (det politiske) samarbeidet i Europa.
> Herunder vil hele den selvutslettende "venstresiden"s mediebaserte
> ledelsesskikt legge seg enda flatere enn flatt og hylle denne nye
> "moderniseringen" i håpet om å redde egne skinn til brukbare posisjoner
> i det nye føydalsamfunnet.
> Grytten har ikke oppdaget at Berlusconi og Co. er for sitt "Europa" (som
> Hitler var for sitt, med sosialdemokratiske opportunister som Stauning i
> Danmark og Gerhardsen i Norge på slep i 1940) sammen med Haider og
> Umberto Bossi. At det også finnes et reaksjonært "Europa" som har røtter
> i Habsburgmonarkiet, Karl den 5., Wienerkongressen, Napoleon den 3.
> osv., og at dette er selve sjela i EUs byråkratisk-sentralistiske
> konstruksjon og planene om den alleuropeiske overvåkingsstat, som nå er
> satt på beddingen. Målet her er å bli en ny supermakt til erstatning for
> fallen storhet samtidig med at man tar del i den globale avviklingen av
> demokratiet. Grytten kan sikkert ha en annen visjon, man da må han
> erkjenne, at den står meget svakt i dagens EU og oftest brukes av
> hemningsløse opportunister og rene falskspillere som ledemotiv for egne
> karrierer og skalkeskjul for tilpasning til "globaliseringen".
Det finst eit reaksjonært og autoritært Europa - eit sjikt av nostalgiske
maktmenneske, men desse er politisk heilt marginale i dag. Det er ikkje
desse som trugar demokratiet, det er dei (først og fremst)
angloamerikanske transnasjonale selskapa. På den andre sida må ein ikkje
gløyme at det tradisjonelt finst sterke motkrefter i Europa. Hadde biletet
vore så fatalt og svart som du her målar det, ville all politisk aktivitet
vera meiningslaus. Nettopp fordi det finst tendensar og døme på ei motsett
utvikling, er det meiningsfyllt å halda fram.
Det finst eit byråkratisk og sentralistisk Europa, men det finst også
krefter som arbeider for eit desentralisert og føderalt system - det
motsette av "den alleuropeiske overvåkingsstaten", det motsette av ei
supermakt.
Det finst ei mengd idéar om Europa, og det pågår ein klassekamp.
Denne klassekampen er verdsomspennande. Difor må ein også gjera den
politiske kampen verdsomspennande. Problemet med den norske venstresida er
at ho ikkje ser dette klårt nok, og isolerer seg. Kanskje det komande
Attac Noreg kan endre litt på denne situasjonen.
Kva er alternativet? Status quo - europeiske (og andre) nasjonalstatar som
held fram med å male sitt eige korn, medan dei kranglar seg bort frå
innlysande løysingar på verdsomspennande problem utan vilje til
kompromiss:
> En framtid hvor de aller fleste vesentlige beslutninger som angår et
> lands innbyggere tas av organer som står til ansvar overfor de samme
> innbyggere (og hvor problemer på mer globalt nivå løses i form av
> frivillig tilslutning til bindende internasjonale avtaler, med FN som
> viktigste organisasjon for slikt).
som Andresen skreiv her om dagen?
Eg har inga tru på dette. Overnasjonal (mot)makt vil tvinge seg fram, både
fordi finanskapitalen er internasjonal, og fordi alle dei store problema
er internasjonale og krev overnasjonale løysingar.
Ein må byrja i det små, i sin eigen kommune. Ein må ha omgang med
medborgarane sine, diskutere, setja økonomiske og sosiale hendingar i
perspektiv. Det lokale er svært viktig, men berre dersom det blir sett i
eit større perspektiv. Ein må krevja meir demokrati, opprette lokale
komitéar, gå i spissen for berekraftige løysingar i staden for slike som
industrilobbyen freistar å tvinge nedover hovudet på lokalsamfunnet. Ein
må slost for å verne og og gjera den lokale infrastrukturen betre. Ein må
gjennom dette attreise idéen om at det nyttar å slost. Alt er ikkje tapt.
Ein må gjenreise politikken.
Ei slik rørsle er gryande i fleire europeiske land, og det var eit viktig
(medvite oversett) trekk ved det franske lokalvalet nyleg. Det er denne
rørsla, denne tendensen som er interessant i Europa og andre stader i dag.
Det er på høg tid at også framstegvenlege nordmenn oppdagar dette, og
blir ein del av denne kampen. Eg vil vri litt på Grytten sine ord og seia
at det venstreradikale Noreg definitivt treng ein debatt om tilhøvet til
dette Europa. Ein må sjå tvers gjennom den marknadsliberale skodda, byggje
alliansar med demokratiske borgarrettsrørsler, og slutte å lefle med
euroskeptiske konservative som ein ikkje har noko til felles med.
Venstreradikale EU-motstandarar hevdar ofte at det norske næringslivet
økonomisk står seg like godt utanfor EU som innanfor, som om det skulle
vera i deira natur å befatte seg med kremmarverda. Det er mogleg dei har
rett, på vilkår av at særordningar og eksportavtalar blir oppretthaldne.
Men politisk og kulturelt er eit Noreg utanfor Europa, eit Noreg i den
Store Amerikanske Unionen (SAU) - eit rævdiltande lydig lam i hælane på
onkel Sam. Det er diverre heilt umogleg for eit lite lam å leva heilt på
eiga hand. Denne metaforen gjeld sjølvsagt også illusjonen om
"sjølvråderetten" som framleis ser ut til å vera eit kjerneargument i den
venstreradikale EU-motstanden. Det er lenge sidan den nasjonale
sjølvråderetten slutta å eksistere i Noreg, og det hadde ikkje noko med
Europa å gjera.
Oddmund Garvik
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif
This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Apr 04 2001 - 12:43:13 MET DST