Det er no i gang ein underskriftsaksjon til støtte for Sophia Baidoo.
Initiativtakar er LO i Trondheim.
Nokon vil spørje om dette er nødvendig etter at politimeister Marum har
gått ut i media og bede om orsaking.
Ja, dessverre det er nødvendig. For det første står statsadvokatens
avgjerd om å legge vekk saka ved lag. For det andre er det svært alvorleg at
Trondheim politilag ikkje firar ein millimeter. Ifølgje leiaren, Bjørn Enge,
stør politilaget framleis politimannen som arresterte Sophia, dei vil ikkje
orsake noko som helst, og dei vil ha Baidoo dømd for vald mot politiet!
Underskriftsaksjonen går føre seg både på vanlege papirlister og på
Internett. Nett-adressa er: http://baidooaksjon.fix.no/
Der finn ein teksten på oppropet, og ein kan klikke inn underskrifta si. Det
er lagt inn linkar til artiklar som er publiserte om saka.
Kjære vener: dette er ei stor sak. Det handlar om mykje, mykje meir enn
ein einskild trakassert reinhaldar. Det handlar om særs viktige haldningar i
samfunnet, om haldningar i maktverktyet politiet. Når Bjørn Enge hevdar at
trondheimspolitiet si framferd har brei stønad frå politihald rundt om i
landet, så er det ei svært alvorleg sak.
Så difor: gjer alt som er mogeleg for å spreie dette oppropet. Send det
til vener og kjende, og be dei sende det vidare. La oss gjere alt vi kan for
å stogge ei snikande utvikling i retning eit rasistisk samfunn.
Viktor Stein
______________________________________________________
Get Your Private, Free Email at http://www.hotmail.com
This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Mar 17 2000 - 14:41:19 MET