Jo, det kan det forsåvidt vere. Sjølv om du greier å sende mail med
adressene i BCC-feltet, er det dermed definitivt IKKJE sagt at alle andre
greier det. Dersom det å kunne "resirkulere" adresselister på denne måten
spreier seg, har ein eit problem. Definitivt.
> > Problemet er at sjølv om folk har sagt a så seier dei ikkje absolutt b
> > etterpå. Om eg seier ja til å skrive under på ei kampanje mot nedlegging
> > av Ericsson, seier eg ikkje dermed ja til å vere med på andre kampanjar
> > som tilfeldigvis vert organisert av dei som organiserte den fyrste.
>
> Sjølsagt:
>
> Du, som støtta Ericsson-aksjonen, kan nå risikere (helt hypotetisk,
> dette er et tenkt eksempel) å få en mail fra en aksjon til støtte
> for U.F.F., som er den nyetablerte sammenslutninga av (mindre)
> uavhengige fagforeninger - dannet for å hindre at arbeidsrettsrådets
> innstilling som tar fra dem streikerett og bare gir den til de store
> fagforbundene, får gjennomslag. Og det er kanskje slik at du ikke vil
> støtte mindre fagforeningers fortsatte streikerett? (du sa noe om at
> du ikke støtta streikerett i ei nylig melding).
Nei, det sa eg ikkje. Eg nemdne aksjonar som støytte for streikerett som
DØME på aksjonar ein ikkje umiddelbart støtta sjølv om ein hadde skrive
under på kampanjar a la Ericsson, men det tyder IKKJE at eg er mot
streikerett, berre så det er sagt. Men du er tilgitt for misforståinga :)
> Hvis du skulle få slik e-post, trykk DELETE (1/2 sekunds operasjon).
> Hvis du er ekstra forbanna, returner mailen til avsenderen med en kort
> kommentar (krever et minutt eller så). Greitt nok.
Når det ligg 10 slike meldingar i innboksen min, hvilket ikkje er særleg
uvanleg, er det nokså irriterande, sjølv om eg berre kan trykke delete.
Diverre må eg lese mailen før eg kan delete den, ikkje alle er like flinke
til å angi eit tydeleg subject.
Hadde eg i tillegg måtta betale pengar i form av tellarsteg eller
oppkoblingsavgift for å hente desse unødige postingane, hadde eg vore
VELDIG sur. No vert eg berre irritert.
> Men jeg holder fast ved at det "overgrep" mot den enkelte mottaker som
> ligger i at man *nå og da* får e-post med en støtteoppfordring som i
> tillegg er uønsket , er *minimalt* i forhold til den mulighet som
> opposisjonelle (i betydninga "har ikke særlig makt i vår type
> samfunn") bør gis til å kunne benytte e-post-adresser de har fått
> tak i over nettet.
a) Dette "no og då" vil kunne utvikle seg meget eksponensielt. Dersom _ei_
opposisjonell gruppe av eit eller anna slag gjer dette, vil det ikkje
spele så stor rolle. Men dersom _to_ grupper får fatt i lista, og to nye
får fatt i den frå dei osv, så vil ein VELDIG fort ha VELDIG mange slike
lister som det vert sendt mail til.
Eit døme på noko liknande er jo kjedebrev, som etter nokså få titals ledd
kan nå jordas befolkning. I prinsippet. I praksis vil kvar mottakar motta
mange eksemplar av mailen.
Ei adresseliste ala dette vil sjølvsagt vere noko anna enn eit kjedebrev
av eit eller anna slag, men prinsippet for spreiing vil kunne vere det
same.
> Jeg gjentar: Dette er et *politisk* valg. De som mener at vi ikke lever
> i et samfunn hvor et fåtall kapitalister og deres statsapparat har den
> avgjørende makta (det mener jeg), men i stedet mener at alle grupper
> har omtrent den samme rimelige adgang til å få andre i tale, vil
> kanskje legge størst vekt på at man *aldri* skal plages med
> post fordi man en gang tidligere har tatt offentlig stilling i ei sak.
> Vi har ganske enkelt hver vår virkelighetsoppfatning. Magni er i
> Venstre. Jeg er (mer eller mindre) i RV.
Eg veit ikkje om dette er noko me er ideologisk usamde om, dettte går meir
på politikk. Eg har tenkt litt på dette dei siste dagane og vekene, korfor
eg er med på denne maillista. Og svaret eg gjev meg sj=E3ølv er at eg ser på
meg sjølv som nokså radikal og at eg har veldig godt av impulsane eg får
frå mange av deltakarane her. På den andre sida er det mykje som irriterer
meg og som eg ikkje les, men eg avstår stort sett frå å kommentere det -
av di eg ser på usemja i desse sakene som ideologisk meir enn politisk. Eg
har rett og slett eit annan syn på kordan samfunnet bør utviklast og
kanskje også eit anna syn på målet for samfunnet. Men dette er altså noko
eg ser på som ideologiske skiljeliner. Dette har eg avstått frå å
kommentere på lista, nett av di eg ser på den som venstresida si liste -
ikkje ei generell politisk (i ideologisk tyding av ordet) liste.
Usemja mellom meg og Trond og ein del andre her i forumet om kva og kordan
ein eventuelt skal nytte adresselister som ein får gjennom
internettkampanjar vert av ein annan karakter, slik eg ser det. Her dreier
det seg meir om politisk usemje, i den forstand at me rett og slett er
usamde og har argumenterer for det, ut frå litt ulik viunkel, utan at
denne vinkelen nødvendigvis er partipolitisk eller ideologisk prega. eg
kjenner fleire i Venstre som står for det motsatte synet av mitt eige på
akkurat dette området. Mitt syn er dessutan også sett frå einm
datadriftsmessig ståstad, som driftar av dataanlegg veit eg ein del om kva
mailspam kan føre til..
> dette er OK. MEN VI MÅ LÆRE Å LEVE MED ALLE KONSEKVENSER AV NETTET!
> Og det betyr bl.a. annet at vi må bli tjukkhuda og ha kalde hoder når
> det gjelder rutinemessig slusing av uinteressant e-post rett i søpla.
> (Det vil sjølsagt også komme program-snutter som i noen grad
> filtrerer ut ting for oss automatisk).
Men treng me gjere det verre enn det er ved å sende meir slik mail?
> Først: Dette skjer i forbindelse med hemningsløs *kommersiell* misbruk
> av nettet. Jeg har ennå til gode å oppleve *politisk* "spam" (og jeg
> har holdt på siden 1992).
Som over: vil politisk spam gjere det betre eller minske den kommersielle
spamminga slik at spammen vert konstant sjølv om han kjem frå nye kjelder?
> Men la gå: Hvor sannsynlig er det at framtidas servere vil "knele"
> p.g.a. politisk aktivisme i form av e-post til noen hundre folk? Nå
> bygges kapasiteten ut slik at nettet skal kunne ta toveis forsendelser
> av lyd og video i sann tid. *Et* sekund med toveis lyd krever like
> mange bits som en aviskronikk (60 - 70 kbit). med video blir det enda
> mer. M.a.o. er det himmelropende feilprioritert å rette anklager mot
> de som sender *tekst* over nettet for å være "usolidariske" (med
> hvem, tør jeg spørre?), ved at de angivelig legger beslag på
> urimelig mye kapasitet. Skal man kritisere noen for å breie seg,
> sØ må det være slike som morer seg med å sørfe rundt på Web og
> hente opp lyd, video og bilder (ofte glaning på video i sann tid) -
> eller slike som spiller ping pong med hverandre med lyd og video.
1000 mail sendt samstundes frå ein server er ikkje akkurat noko den jamne
mailserver liker. Ei heller den serveren som må motta 1000 mail av di eit
eller annan i ei eller anna liste er feilkonfigurert.
Dessutan er det ikkje alle som slepp betale for å hente ned mail. Som
andre har nemnd, er det nokså mange som betalker teljarsteg for å hente
ned mail, og her vil ekstra mailar kunne utgjere nokså mykje, kanskje
særleg no når sanntidstakst er innført i staden for teljarsteg.
Dei som webber og ircer og mudder og slikt veit trass alt kva dei gjer og
kan stoppe utan å gå glipp av så veldig mykje (alt er relativt) ner dei
synes det har teke lang nok tid. Ein stakkar som hentar ned masse ekstra
mail har litt større problem med å stoppe midt i overføringa.
Og bandbreiddeproblematikken er her likefullt, sjølv om du har rett i at
web, lyd og bilde er verre enn mail.
Magni :)
-- Magni Onsoien <magnio@nvg.ntnu.no>