Noko_om_skriftmål._
Olav Randen (boksmia@online.no)
Sun, 13 Sep 1998 13:38:18 +0200
Noko om skriftmål
Bestefar min var ein dyktig møbelsnikkar og treskjerar. Han gjorde det på
sin måte og brukte nesten berre øksa og kniven, ikkje treskjerarjern og
ikkje stemjern. Men då eg var åtte-ti år og han skulle lære meg elementær
snikkering, la han vekk øksa, slipte stemjerna og lånte treskjerarjern. For
han skjønte at dei verktya han hadde brukt tiår på å lære seg å meistre,
ikkje høvde like godt for alle.
Det er dette Knut Johansen ikkje forstår. Altså at det verktyet somme har
perfeksjonert seg i å bruke, ikkje passar like godt for alle. Han, som
skriv 1500-2000 sider i året, tykkjer det skriftmålet han bruker, er
framifrå og meiner difor det er slik for alle: "Det er vanskelig å
forestille seg at vi (dyrearten menneske) er så dumme at vi lager redskaper
vi har store problemer med å bruke, og det grenser til det utenkelige at vi
skulle holde på i hundrevis og tusenvis av år med å bruke dem, hvis de
faktisk var beheftet med store feil og mangler".
Det var då svært til tiltru til menneskeleg fornuft. Menneske har dumme og
forureinande reiskapar i fleng og dumme og destruktive måtar å ordne seg
på, alt frå vassklosett til kapitalisme. Så i staden for å ta for gitt at
menneskeleg åtferd og menneskes reiskapar er fornuftige, bør vi undersøkje
konkret.
Skriftmåla fungerer for samfunna sine behov, skriv Johansen Når det gjeld
Norsk Hydro eller Statoil eller kommunaldepartementet, har han rett.
Sjefsskiktet har landets beste skolegang, datamaskinar med retteprogram og
tilgang på litteratur og hjelparar. Kan dei ikkje skrive sjølve, kan dei
kjøpe seg skriftlærde. Informasjonskonsulentar heiter det gjerne. Og attåt
har dei aviser flest og andre massemedia til å formidle sine synsmåtar.
Altså er situasjonen utmerka for dei, og dei kan skrive under Johansens
konklusjon om at skriftmålet fungerer som det skal. Det hadde det gjort om
skriftmålet i Noreg hadde vore dansk med 1800-talsrettskriving eller
engelsk også.
Men kva med arbeidaren som opplever farefullt og forureinsande arbeid? Du
som har kunnskapane og dokumentasjonen og veit kvar skoen trykkjer, må få
det fram i lyset, kan vi seie. Men korleis, i fagforeninga legg dei lok på
alt slikt? Så skriv eit lesarinnlegg. Nei, skrive, det ligg ikkje for meg,
er svaret. Kva med den talentfulle forteljaren som greier å fengsle ei
forsamling. Du må lage ei bok av alt dette, kan vi seie. Men bøker er ikkje
for henne. Kva med den ungdommen som møter politivald. Skriv ei klage, kan
vi seie. Men papir og bokstavar og penn eller tastatur er ikkje for alle.
Eller du blir urettferdig behandla av ein offentleg etat. Kan du skrive ein
profesjonell eller halvprofesjonell klage, er sjansen for å rette opp det
galne stor. Med det signaliserer du at du er noko verdt, du må takast omsyn
til. Kan du ikkje setje opp eit skikkeleg brev og leggje fram dine
synsmåtar på tilsynelatande sakleg vis i skrift og manglar hjelpesfolk, er
det berre å akseptere. Du er lite eller inkje verdt, og saksbehandlarane er
dine overmenn.
Slik er det over alt. Skiljet mellom skriftkunnige og ikkje skriftkunnige
er ikkje først og fremst eit skilje mellom dei få analfabetane og den store
hopen, men mellom dei relativt få skriftkunnige og fleirtalet.
Likevel skil det mellom land og mellom skriftmål. Fordi opplæring og
skrivedugleik er samansette spørsmål, er det vrient å jamføre skriftmåla
isolert. Men når det som kallast skrivekunst, i storre mon er allmenneige i
nordiske land enn i land som Storbritannia, Frankrike og Tyskland, er det
grunn til å tru at det har å gjere med at skriftmåla i Norden er lettare å
bruke for vanlege folk. Slik at slaktaren Vaino Linna, småbrukaren Tarjei
Vesaas, anleggsarbeidaren Kristoffer Uppdal, steinarbeidaren Ivar Lo
Johansson og krambubetjenten Knut Pedersen Hamsund kunne ta steget frå
sine yrke og til litteraturskaping i verdstoppen. Slik at Island med sine
250 000 innbyggjarar har ein litteratur som kan jamførast i omfang og
kvalitet med den franske med 50 millionar.
Det er, for å ta eit sidesteg, underleg å lese til dømes Tron Øgrims
hylling til datamaskinen som ein reiskap som vil revolusjonere verda. For
han gløymer liksom Johansen å stille spørsmålet: Kven meistrar skrivinga?
Dei som ikkje kan og ikkje har røynsler med å skrive, vil dette meir
gjennom til meir samfunnet blir skriftbasert.
La oss ei lita stund tenkje oss at vi er utan skriftmål i Noreg og skal
lage eit. Vi har då ei enormt stor mengd ord, ordformer, bøyingsmåtar og
variasjonar å byggje på. Kva for kriteri bør vi då leggje vekt på?
For det første bør skriftmålet så langt råd er, vise att talemålet. Det
inneber til dømes at kvar lyd i talemålet bør ha ein bokstav i skriftmålet.
Same kva for alfabet vi bruker, kan det då hende vi må lage nye bokstavar,
slik til dømes den serbiske Ivar Aasen, Vuk Stefanovic Karadzic, laga nokre
eigne bokstavar då han skriftfeste serbisk mål.
For det andre bør skrivemåtane vere konsekvente. Det er til dømes
inkonsekvent å skrive jeg og vei på bokmål eller li og tid på bokmål eller
nynorsk (forklaringa på det siste er at tid har kome frå dansk mål, medan
danskane ikkje hadde lier).
For det tredje bør vala så langt råd vere forståelege for folk. Vi seier
departemang og departemangtal og skriv departement og departemental. Det er
forståeleg for dei som har store kunnskapar i antikke språk, men ikkje for
folk flest.
For det fjerde bør språket så langt råd ha faste former. Det gjer det
lettare å lære enn om formene varierer heile tida. Altså at vi vel om det
skal heite ein eller ei maskin og lufta eller luften på bokmål. For det
femte bør formene så langt råd samsvare med dei vala som er gjorde i
nærslekta språksamfunn.
Desse kriteria står stundom i motstrid til kvarandre. Reindyrkar vi eitt
kriterium, går det altså ut over dei andre. Legg vi einsidig vekt på
talemålsnærleik, bør vi skrive dæ og treæ. Legg vi vekt på konsekvens og
logikk, bør vi skrive det og treet.
Det skil altså skriftmål om dei er (nokolunde) enkle eller vanskelege å
bruke for folk flest. Det avgjerande skiljet går mellom skriftmål som kan
byggje på talemåla og skriftmål som brukaren må lære om lag som framande
talemål. Når Knut Hamsun kunne skriftfeste nordlandsk forteljetradisjon
("de talte og talte på sitt forunderlige nordlandsmål. Det var ravgalt
inntil kunst, men det uttrykte deres meninger"), når Olav Duun brukte
kombinasjonen av nynorsk skrifttradisjon og namdalsdialekt i si nyskapande
skriving eller når Sara Lidman bruker nordsvensk dialekttale i skrift,
viser det at skriftmåla ikkje er storkna uttrykk, men i stand til å fornye
seg. Dei kan hente impulsar frå dei mykje meir varierte og rikare talemåla
og utvikle seg i vekselverknad med desse. Slik kan det vere for
forfattarar, men fordi talemålet til kvar enkelt av oss er unikt, kan også
vi vanlege folk slik bruke og utvikle skriftmåla.
Går vi frå desse døma til dei store skriftmåla, som engelsk og fransk, ser
vi at dei i langt større grad har storkna i ei form. Om dei fungerer? Jau,
til dømes til å skrive byråkratutgreiingar i og til å formidle
skolekunnskapar i, men dei som har avvikande dialektar som talemål eller
jamvel standardtale, har oftast større vanskar med å lære dei enn det
situasjonen er i Norden, og den livgivande vekselverknaden mellom tale og
skrift uteblir.
Fransk er kanskje det tydelegaste dømet. Folk med overblikk og innsyn i
franske forhold fortel om slitet med å lære seg skrift. For det franske
skriftmålet fekk si form alt på 900-talet, endringane etterpå har vore
ørsmå, og talemåla, både dialekttale og standardisert tale, har utvikla seg
stadig lenger vekk frå skriftmålet. I ei lærebok i ortografi (Benveniste og
Schervel: L´ortogrape) les vi: "Elevane lærer seg å lese i skolen, men
ikkje verkeleg å skrive, berre å skrive av. Dei einaste som lærer seg å
handtere språket, og som vågar å gjere det, er dei som held fram med studia
så lenge at dei ikkje berre lærer staving, men også uttrykksforma,
setningslæra og fraseologien i skriftspråket. Trass revolusjonane og
folkeskolen blir kunsten å skrive verande eit klasseprivilegium." Jan
Myrdal, som har lengre opphald i Frankrike bakom seg, har skrive mykje om
det same. Han bruker den svenske statar- og proletarlitteraturen i
mellomkrigstida som døme på korleis småkårsfolk greidde ta i bruk og gjere
til sitt det svenske skriftmålet, medan fransk litteratur berre blir
akademisk salonglitteratur fordi fråstanden mellom folks liv og skrivinga
er for står.
Same om vi bruker bokmål eller nynorsk, har vi det ikkje så verst her i
landet. Vi må lære at vi alltid skal bruke to l-ar i alltid og aldri i
aldri. Vi må lære skilnaden på og og å, akkurat det treng ikkje engelskmenn
og tyskarar som har ulike ord (and og to, und og zu). Vi må lære at det
heiter li og tid og på bokmål at ein ikkje skal skrive jei, men jeg,
samstundes som Tromsø byter ut gateskilt der det står veg til skilt med vei
fordi det verkar som rettare bokmål. Vi må lære ein heil del slike ting.
Men det meste, kanskje nitti-nittifem prosent av orda, kan vi skrive slik
vi seier dei eller slik dei blir sagt i andre talemål. Slik blir
skriftmålet i hovudsak eit supplement - eller supplemang om ein vil - til
talemålet, og vi kan hente tilfang frå talen inn i skrifta.
Franskmennene derimot, og engelskmennene like eins, treng sine
skriftmålsreformer, slik at nye generasjonar slepp å lære skrift som
framandspråk og slik at skriftmåla på nytt kan hente inn livgivande tilfang
frå talemåla. Når desse skriftmålsreformene ikkje kjem, er det ikkje som
Knut Johansen hevdar fordi språka fungerer fullgodt. Det er fordi dei
fungerer for overklassen og for Johansens yrkesbrør, dei skriftlærde, og
fordi desse tviheld på det dei kan og ser endringar som trugsmål mot seg og
sitt.
Olav Randen