Det er nokon her ute som ynskjer at KK-forum skal revitalisert, verta eit bra
forum som folk føler er nyttig. Nå administratoren då kjem alle moglege
forklåringar på kva han meiner er problema, då er det rett og rimeleg å venta
at folk kjem med innspel til kva *dei* tykkjer/trur er problema med forumet.
Når administratoren då ikkje ein gong ynskjer å diskutera det andre kjem med,
då er han heller ikkje reellt interessert i å ha eit levande KK-forum!
Elles var samanlikninga di med Jagland ganske bra. Her er ei (ironisk) tolking:
- Jagland er ein "tung" forkjempar for EU og soleis fiende og ikkje interessant å
freista overtyda for EU-motstandarar.
- AKP er ein klår tilhengjar av god debattstil, tone og respekt for folk og soleis
fiende og ikkje interessant å diskutera med for TA, som er aktiv motstandar av
ålreit stil.
:-)
(frå TA sitt svar til Øyvind Eide)
>Min mening er at når man diskuterer utviklinga i Kina (og spesielt
>"kommunist"partiet der) med AKP, støter man på det samme prinsippielle
>problem som når man diskuterer kapitalismen med Røkke og Gjelsten. Vi kan
>kalle det 'moralsk inhabilitet'.
... stadfester ganske klårt min konklusjon frå i stad:
>Konklusjonen min so langt er at Trond Andresen, sjølv om han meiner mykje
>fornuftig og kjem med ein god del bra, faktisk ikkje *ynskjer* reellt ordskifte
>med t.d. AKParar. Han ynskjer berre å leggja ned AKP, og brukar soleis alle middel
>og alle høve til å slengja drit.
Kvifor skal eg diskutera utviklinga i KKP med Trond når han meiner eg er inhabil?
Trond vil kort og godt *ikkje* at KK-forum skal vera eit forum for utvikling av politikk
på venstresida. Det verkar ganske låtteleg av ein kar som omtaler andre folk
som antiintellektuelle. Eg gjer framlegg om at føremålet med lista presiserer at
folk som ikkje tek sterk avstand frå AKP på alle område ikkje har noko på lista å
gjera, men gjerne må stikka innom dersom dei har sadomasochistiske trekk ...
>(Og det kan jo hende at hvis man overser dem i denne saka, vil de kanskje
>etter en stund, og til en forandring, begynne å skrive noe som er
>interessant.)
... noko som vanlegvis gjev null respons, ev. masse drit slengt i trynet.
Nemner t.d. mine siste to innlegg som har fått *null* respons:
"Kulturell kvalitet"
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250698/0241.html
"Det_nasjonale_spørsmålet"
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra250698/0243.html
Eg trur nullrespons på innlegg er ein like viktig grunn til at folk melder seg
av forumet som dårleg stil.
>Hvis noen mener at det skal være forbud(!) mot polemiske innlegg her på
>KK-forum, får de komme med et konkret tekst-forslag til endring av de
>foreslåtte kjøreregler. Men Stokkeland sier at han ikke vil endre reglene.
>Der er vi for en gangs skyld på linje.
Me er på linje i fleire spørsmål me, utan at det er noko stort poeng. Elles
skulle det vore interessant å fått Trond sin definisjon av polemikk ut frå
det eg har skrive om dette i to innlegg før og definisjonen frå ordboka.
Inngår verkeleg karakterisering av folk framfor meiningar i omgrepet, og
er det ikkje polemikk dersom ein *ikkje* tillegg folk meiningar dei ikkje har?
-F-