Ser verkeleg ikkje Trond korleis dette slår tilbake? Han er sjølv ein
del av problemet, både med sin eigen ordbruk og med å forsvare det som
Karsten V. Johansen har spydd ut nyleg. Debattstilen på KK-forum dreg
til tider forumet ned i søla og skremmer vekk potensielle deltakarar.
Når nokon (for eksempel ei jente) vågar seg til å kritisere det, får ho
ei skyljebøtte fordi ho ikkje har svara på spørsmål i ein tidlegare
samanheng. Er det slik administratoren ønskjer å rekruttere deltakarar
til forumet sitt?
Forresten er det fleire der ute som ikkje svarar på spørsmål. Trond drog
sjølv i gang debatten "En nødvendig endring av den kommunistiske utopi"
for ei tid sidan. Ein viktig debatt som mange var med på, også eg.
Framleis ventar eg på svar på dei siste innlegga mine. Var spørsmåla for
vanskelege?
Med blanda helsing Lars Staurset (snart 50)
P.S. Eg har stor sans for det Trond og Karsten står for politisk, berre
så det er sagt.