Re: Eliassen om Pol Pot

Finn Sindre Eliassen (finn@alesund.fylkesbibl.no)
Mon, 20 Apr 1998 15:36:49 +0200 (MET DST)

Aarbakke:

> Det er litt vanskeleg for meg å tolke Eliassen, men eg har ei kjensle av
> at det her vert skjangla frå grøft til grøft - anten er ein for Pol Pot
> og mot imperialistane, eller så er ein for imperialistane og mot Pol
> Pot. Kva med å vere mot båe sidene?

Eliassen:

Kvifor vere mot Raude Khmer i Kambodsja på 70-talet? Eg forstår at
imperialistane aldri kan tilgje at eit land ville slå inn på ein
sjølvstendig kurs uavhengig av verdsmarknaden; sjølvforsynte med mat i det
svoltne Asia. På den bakgrunn ser eg dei stadige haudeskallereportsjane i
fjernsynet osb. Men Aarbakke som ikkje er imperialist, kunne vel prøve å
tilgje.
Når vi skal ta standpunkt i politikken, så kjem vi ikkje unna å ta
standpunkt til rett og vrangt. Det går ikkje an å setje
moralsk likskapsteikn mellom imperialistane og ofra for inmperialistane og
setje seg til med kulerame og telje daude.
Og om ein gjer det, så er det neppe imperialistane sine offer som dreg av
med sigeren.

Aarbakke:

> Kva med å meine at folkemord ikkje
> kan forsvarast på noko sett?

Eliassen:

Naturlegvis er eg mot folkemord. Derfor var og er eg mot USAs framferd i
Søraustasia på 60- og 70-talet. Derfor tek eg fråstand frå Det britiske
imperiet si framferd i India osb.
Men Aarbakke kjøper for lett den offisielle sanninga om Kambodsja 75-79.

Aarbakke:

> Kan ein vere radikal og humanist? Meine at
> menneskelivet er heilag, også når det er ein kulak/storbonde/borgar som
> står under galgen, ikkje berre når det er gråtande bønder i Guatemala
> som vert slakta ned?

Eliassen:

Eg synest Aarbakke lutar i retning av å sjå striden mellom undertrykte og
undertrykkjarar som ein cupfinale på Wembley mellom likeverdige partar der
spelereglane er avtalte. Ja, eigenteleg går han lenger. Han sluker rått
vestlege propagandaløgner om Kambodsja. Medan USA sin rå aggresjon mot
folka i Vietnam og Kambodsja får passere utan omtale.

Finn Sindre Eliassen