At 00:22 30.03.00 +0200, Anders Ekeland wrote:
>
>Asgeir,
>
>hvor der det du vil hen:
>
>a) bare påvise at NATO og amerikanerne bruker ufine midler for å demonisere
>regimet i Serbia - for at de ikke skal få skylda for overgrep de ikke hadde
>ansvaret for - for å vise at NATO ikke er forkjemper for sannhet og
demokrati?
>
>b) eller er du ute etter å renvaske det serbiske regimet, dvs. at det ikke
>er en herskende klasse som undertrykker både sitt eget folk og andre
>nasjonaliteter? Og som sjøl har en mildt sagt lemfeldig omgang med
>sannheten? som har utnyttet de etniske og sosiale spenningene mellom ulike
>regioner og nasjonaliteter i det tidligere Jugoslavia?
>
>Pkt. a) er å sparke inn åpne dører hos de fleste her på forumet - pkt. b)
>er et like håpløst prosjekt som NKPs og AKPs forsvar av herskerklassene i
>Sovjet og Kina, dvs. det er dødfødt, umoralsk, og fører til ytterligere
>skandalisering av venstresida.
>
>mvh
>Anders Ekeland
>
Vi er tydelegvis ikkje heilt på bølgjelengde her. Eg skjønar ikkje kvar du
vil hen med dette spørsmålet. Og eg kjenner meg sjølvsagt ikkje igjen i
nokon av svaralternativa du byr på.
Eg kom over denne ferske artikkelen i the Times, som eg syntes var
interessant av fleire grunnar, og tenkte ganske enkelt at det kunne være
fleire her på forumet som ville finne den interessant. Derfor sendte eg
den, det er ikkje noko meir mystisk enn det. Deretter tilføya eg ein del
stoff frå Hartvig Sætra sin omtale av boka til Yossef Bodansky, som for meg
var oppsiktsvekkjande lesning om same tema. Om alle på KK-forum veit alt om
alt dette frå før, og eg berre slår inn opne dører, så er det en positiv
overraskelse for meg. Og i såfall får eg berre orsake at eg distribuerer
overflødig informasjon, og så får vi håpe at dei fleste taklar det utan å
miste fatninga.
No går eg ut frå at klassekampen har via desse torg-massakrane skikkeleg
merksemd i si tid, lenge før eg blei lesar av avisa. Men når eg ser kor
lettvint og tilslørande klassekampen no handsamar Racak-saka og svindelen
til ITN, så føler eg meg ikkje heilt trygg på det. Uansett skadar det ikkje
med ei påminning i ny og ne, slik som i mitt innlegg rundt Times-artikkelen.
Eg kunne nok med fordel ha kommentert grundigare det eg meiner stoffet i
innlegget mitt viste:
1. Systematikken i demoniseringa av serberane, inkludert Milosevicregimet,
med ein spiraleffekt der gamle løgner framleis verkar fordi avsløringane
ikkje får merksemd.
2. Dramatiske og emosjonelt mobiliserande hendingar i avgjerande
augneblikk. Løgnene treng berre å halde ei kort stund for å rettferdiggjere
visse politiske handlingar.
Resultatet av dette (systematisk demonisering+ emosjonelle løgner) er at
mange naive moralistiske korsfararar, ofte på venstresida, stemplar alle
som prøver å rette opp biletet som apologetar eller revisjonistar.
Det er ikkje til å kome forbi at serbofobien lever også på venstresida i
Norge, og har ført til bisarre konsekvensar. At antikrigsnettverket ikkje
ville sleppe til den Jugoslaviske klubben på demonstrasjonane mot bombinga
av jugoslavia er eit pinleg eksempel. Det er så latterlig tragisk at veit
ikkje om eg skal le eller grine.
3. The Times opprettheld framleis den ubegrunna mistanken: "to this day no
one knows", og framstiller det som lause spekulasjonar når dei opnar for at
det kanskje ikkje var serberane likevel.
Klassekampen brukar same metode i sin omtale av LM/ITN-saka.
4. HS/Bodansky derimot meiner det føreligg ugjendrivelege bevis for at det
var muslimar som stod bak massakren som The Times omtaler.
5. Bodansky forutsa USA/NATO sin Rambouillet-strategi. Sætra:
"Bodansky er så innsiktsfull at han allereie i 1995 spådde det utfallet vi
ser i dag. Han beskriv den amerikanske "teknikken" med å utvikle såkalla
"fredsavtaler" som ein veit at serberane ikkje kan godta. Det skjedde med
Izetbegowitz´ "tolvpunktsplan" i 1995, seier han. Og det vil skje
igjen:"Konsekvensen er at det heng eit Damokles-sverd over Balkan: Ein
massiv militær intervensjon av USA-styrte NATO-styrkar mot serberane." "
Dermed er vi tilbake i punkt 1, Bodansky kunne forutsjå dette fordi
mønsteret er så systematisk.
Og når serberane er for forhandlingsvillige, så er det berre å stelle i
stand en "atrocity" og plassere skulda der det passar best. I tilfellet
Kosovo skjedde dette i Racak. Når dei trengte meir rettferdiggjering utover
i bombinga, var det berre fantasien som sette grenser.
I det siste har det også vore bestilt "atrocities" i "østkosovo", som det
einaste som ville få NATO til å gå inn der. (No har dei gått inn i den
demilitariserte sona i sentral-Serbia likevel, for å leite etter spor etter
tanks, eller kanskje mest for å provosere?:
http://www.washingtonpost.com/wp-srv/aponline/20000329/aponline181824_000.ht
m )
6. Eg trekkjer parallellar mellom løgnene om Sarajevomassakrane og løgnene
om Racak og Trnopolje og forsåvidt også til alle dei oppdikta massakrane
under NATO-krigen.
Min konklusjon er at klassekampen si dekning rundt dei tre sistnevnte
sakene ikkje held mål.
Asgeir Bjørkedal
This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 30 2000 - 21:28:47 MET DST