Magne Flemmen a écrit :
> Jeg aner ikke hva Summerhill er (men sjekker linken din). Det jeg
> imidlertid lurer på er vel egentlig av bagatellmessig art: hva mener du med
> racket?
Summerhill blei grunnlagd av skotten A.S. Neill. Det er ein privat
internasjonal skule som blei stifta i ein forstad til Dresden i 1921. Av
forskjellige grunnar blei skulen flytt til Austerrike, seinare til
England, der han framleis finst.
Dei to grunnelementa bak Summerhill er: Det sjølvstyrande møtet
(allmøtet), og vektleggjinga av eit barn sitt emosjonelle velvære
framfor akademisk utvikling.
Vevsida fortel det meste.
"Racket" er eit av desse nyorda som eg ikkje kjenner på norsk. Det gjeld
former for organisert utpressing og tjuveri som no til dags ofte går
føre seg i og rundt skular. Slikt skjer vel i Noreg også, og det finst
kanskje eit godt norsk ord for det.
Med den daglege dosen av valdeleg propaganda, spekulative videospel, og
den virtuelle "røyndomen" som born får prakka på seg, samstundes med at
"moralske verdiar" blir haldne fram som uomtvistelege, er det ikkje anna
å vente at det oppstår former av schizophreni og "uforklårlege" fenomen.
Summerhill freistar å omgå dette ved å skape eit verna og lukkeleg miljø
for borna. Dette er basert på ideen til A.S. Neill: "The absence of fear
is the finest thing that can happen to a child."
Det er synd at berre eit lite mindretal i verda har det privilegiet, og
at det er så kostbart å verne borna sine, i det minste dei første
avgjerande åra.
Oddmund Garvik
This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Mar 24 2000 - 14:28:58 MET