At 14:18 23.03.00 +0100, Garvik wrote:
>Det er ikkje det det er snakk om. Etter at eg lanserte denne debatten i
>fyrste omgang, kom Bjørkedal m.a. trekkjande med ein lenk til
>"emperors-clothes", som sidan nyleg averterer filmen "JUDGMENT" til sals
>- åtte år etter den hendinga filmen skal prove var falsk. Det er dette
>som skurrar litt, min godaste Yann Grundt.
3 år etter at Thomas Deichmann avslørte svindelen til ITN er avsløringane
ukjende for folk flest sidan media ikkje har funne det oppurtunt å omtale
saka.
Den viktigaste dokumentasjonen til Deichmann var ITN sine eigne opptak, vel
å merke dei delane som vi aldri har fått sett på TV og i aviser. Grunnen
til at RTS sin film aldri har blitt kjent kan være akkurat den same: at det
er legitimt i vestlig presse å oversjå og teie ned "serbisk propaganda",
særleg dersom alternativet er å ta massiv sjølvkritikk for gamle synder.
Syns du ikkje det skurrar litt at Karadzic inviterte ITN med fleire til
Trnopolje dersom det var ein konsentrasjonsleir med sveltande fangar bak
piggtrådgjerder? Hvis det var "Belsen -92"? (sjå faksimilie på linken
nederst til LM-artikkelen)
Garvik:
>
>Trur du dei bomba serbisk fjernsyn p.g.a. ein skarve propagandafilm, som
>kanskje ikkje ein gong fanst for eit år sidan?
>
Bombinga av RTS viste to ting med all mulig tydelegheit:
1. NATO fryktar motinformasjon/motpropaganda og finn det nødvendig å kneble
media som dei ikkje er nøgde med.
2. Vestlig presse godtar jamnt over denne kneblinga av serbisk presse.
Hvis ein har for tynt grunnlag for sin eigen propaganda er det sjølvsagt
all grunn til å frykte for å bli motsagt.
Underlig at Garvik framleis har full tillit til vestlig presse presse etter
slikt. "Fighting dirty" er regelen snarare enn unntaket, og når det ein
gong imellom blir avslørt utløyser det få reaksjonar. Som i tilfellet med
pentagons propagandasmedar i CNN:
htttp://www.worldnetdaily.com/bluesky_exnews/20000303_xex_army_psyops_shtml
Det vart ein del rot med linkane mine i det opprinnelege innlegget, her er
den rette til LM-artikkelen:
http://www.emperors-clothes.com/images/bosnia/camp.htm
Ed Vulliamys (han var med ITN til Trnopolje) "forsvarstale":
http://www.newsunlimited.co.uk/Print/0,3858,3973907,00.html
Asgeir Bjørkedal
This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Mar 23 2000 - 18:20:04 MET