Boff, eg er nok lei av debattar om debatten, men ikkje lei av å slette
e-post, eller av å kvesse blyanten. At du no freistar å marknadsføre
krambua di, Lie-Gjeseth, tar eg med eit smil, for hadde lista di vore
leveleg, hadde ho nok vore oppegåande for lenge sidan.
Eg har ingenting mot at dei salige slår seg i hop for å snakke om verda
på sin måte. Eg ynskjer deg til og med lykke til med salskampanja, for
eg er ikkje mot små kremmarar, tvert imot. Eg bur i ein gallarlandsby
full av slike, og sjølv om ein med litt godvilje prøver den eine og den
andre, finn ein ganske fort ut kven som er den beste, for "seg". Såleis
har eg berre ein slaktar, ein "charcutier" ("delikatessehandlar"), ein
ostebutikk, ein bakar, ein avisbutikk, ein skomakar osb. For andre er
det annleis, og enda alle møtest på marknaden kvar torsdag og søndag,
kranglar, hegrar og ler, vender kvar og ein attende til sitt vante.
KK-forum er mitt norske forum for politisk debatt, og ser ein nøkternt
på det, er det vel det einaste oppegåande norske diskusjonsforumet som
finst.
Difor overlever ein alle desse impertinente stildebattane, og sytinga
frå folk som på død og liv berre vil "eta meny" - ha den daglege skjeia
med det rette venstreradiakale sølet, og ikkje noko anna! Alors, kva
skal ein seia... Bon appétit, for å vera høfleg, kanskje. Men lat for
svarten oss andre få eta som me vil, og i fred!
Her om dagen feira me St. Patricks Day i den honngamle vinkjellaren til
Rabelais. Det var både anarkistar, kommunistar, sosialistar, sentristar
og høgrefolk til stades - nesten heile spekteret. Alt gjekk strålande
for seg, enda nokre krangla og skjelte kvarandre ut. Neste dag var ein
ny dag, og alt var gløymt. Kvifor er det så viktig for dykk å herse og
regjere? Kvifor må de absolutt ha det som de vil?
Eg er i slekt med Myllarguten, og vaks delvis opp på garden hans i
Arabygdi, Vest-Telemark. På ein gjedd oppunder taket hang i alle år
børsa som Grytebekkjen skaut Storegut med (ein annan slektning - jfr.
A.O. Vinje). Ved sida av børsa låg det ei lita kuletang, dvs. ei tang
som ein støypte blykuler i på den tida. Eg har eit djupt minne om denne
tanga, for det var eit symbol på det innestengde, på tvang. I ungdommen
freista me å lage kuler med ho, men eg lika det ikkje. Kulene var
skinande grå, vakre og runde, og det var det som var problemet.
Sidan den gongen har eg alltid snudd meg frå slike som må ha alt
skinande grått, vakkert, rundt, tre- eller firkanta. Når det kjem til
stykket, ynskjer eg deg såleis ikkje lykke til likevel, for prosjektet
ditt er sterilt, liksom prosjektet til partifrendane dine. Like til min
døyande dag kjem eg til å skrape i lakken dykkar, for eg har alt vore
innom, og veit kva det handlar om.
Til dei andre som ikkje er med i denne flokken, får eg vel berre seia:
Slapp av - ta det med ro!
Salutations,
Oddmund Garvik
"Nils P. Lie-Gjeseth" a écrit :
>
> Er du lei av debatt om debatten, "stildebatter"... osb.
---
"NSA KGB CIA nuclear conspiration war weapon spy agent... Salut
Echelon!"
This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Mar 17 2000 - 22:23:15 MET