Trond Andresen wrote:
> Mitt innlegg argumenterte ikke for at KK-forum var "bedre" fordi det har
> større aktivitet enn f.eks. kvinnelista.
Kanskje ikkje direkte, men det låg nær å oppfatte det slik. Etter mi
meining er kvaliteten på debatten viktigare enn talet på innlegg. Eit
mål på kvaliteten er i kor stor grad formålsparagrafen er oppfylt. Som
nemnt i forrige innlegg, synest eg KKF kjem bra ut, men det kan endå bli
betre.
Skal ein først lage statistikkar, er det eit par andre vinklingar som
kan vere interessante:
- i kor stor grad er mange med aktivt (fordeling 0, 1-5, 6-10 osv.
innlegg pr. år frå kvar deltakar)?
- kor stabil er deltakinga (inn- og utmeldingar)?
>
> Men hvordan vil Lars (og andre) forklare den minst 7 ganger lavere aktivitet
> på Kvinnelista? Som jeg nevnte er denne preget av
>
> >- manglende konflikt og uenighet
> >- fredelig og støttende tone
> >- knapt noen debatt, mest uimotsagte ytringer, og en del hilsener
> >- nesten utelukkende kvinnelig deltaking, de menn som abonnerer, deltar knapt.
Eg kjenner ikkje Kvinnelista, men det blir rimelegvis lite debatt dersom
alle er samde. Det kan også hende at deltakarane primært bruker andre
(ikkje-elektroniske) fora, og berre abonnerer på lista for å sjå om
andre skriv noko der. (Omtrent som vi gjer med aviser.)
>
> Og, som jeg sa:
>
> >De som sverger til teorien om at vennlig omgangsform i seg sjøl stimulerer
> >til deltaking og diskusjon, får et stort problem med dette tallmaterialet.
> >Det samme får de som tror at hvis kvinnene bare får utfolde seg uten
> >innnblanding
> >fra menn, så blomstrer diskusjonen.
>
> Din kommentar til dette, Lars? (Men vi venter på Bromseth).
Eg meiner ikkje akkurat det du refererer her, derfor vil eg heller seie
det på min eigen måte. Eg trur det er eit samspel begge vegar. Ein hatsk
tone provoserer til motinnlegg og stildebatt, og skjerpar tonen endå
meir. Dei som likar det slik, trivst på forumet, medan andre blir
passive eller melder seg ut. Omvendt vil ein vennleg eller nøytral tone
verke kjedeleg på somme, men oppmuntrande på andre, som kanskje ikkje er
like ivrige til å skrive og fortelje om det. Det blir det altså færre
innlegg av, men neppe dårlegare kvalitet. Dette forumet har hatt
eksempel på begge delar.
Sidan eg no har brote mitt eige forsett om å ikkje delta i stildebatten,
kan eg like godt "ta han heilt ut" og bruke Karsten V. Johansen som
eksempel. Han har eit skarpt blikk og store kunnskapar, er nådelaus mot
autoritetar og viser av og til god formuleringsevne. Innlegget
'sosialdemagogi som "forskning"' i dag er KVJ på sitt beste (sjølv om eg
ikkje ville ha skrive det slik).
Problemet er at han er like nådelaus mot andre, tilfeldige
listedeltakarar som vågar å seie mot han. Eit eksempel, også frå i dag,
er svaret til Johan Irgens ("Re: Hold ut, ungdom!"). Slikt stimulerer
IKKJE til sakleg debatt! KVJ kan også slå hardt mot sakeslause personar
som verken er maktmenneske eller forumdeltakarar. Eit av dei verste
eksempla finst i innlegget "Prekestolen",
http://www.itk.ntnu.no/ansatte/Andresen_Trond/kk-f/fra170100/0320.html. Slå
det opp, og gløym det.
Eg går på ingen måte inn for å fjerne KVJ frå KK-forum. Vi får bere over
med han og oversjå (dvs. la vere å svare på) dei verste oppgulpa. Han
har inga injurierande kraft her.
Helsing Lars Staurset
This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 17:46:01 MET