Re: Ny narkotikapolitikk.

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Thu, 6 Mar 1997 11:06:05 +0100

Eg er samd med deg i to ting, Sivert, og det er for det foerste at
hovudtyngda fraa ordensmakta boer settast inn mot bakmennene, dei som TENER
paa narkotikahandelen, og ikkje paa brukarane, og for det andre at
narkotikaproblemet er sosialt, og ikkje utelukkande strafferettsleg.
Saaleis trur eg ikkje at politi og rettsapparat kan fjerna narkotikamisbruk.

Men naar du trekk som konsekvens av dette at vi boer gaa inn for
legalisering av saakalla svakare stoffar, og avkriminalisering av resten,
er du paa gale spor. Du hevdar at "Politivold, kriminalitet og prostitusjon
er en direkte konsekvens av denne strutsepolitikken" Fraa mitt staastad ser
dette feil ut - kriminalitet, prostitusjon osb er ein integrert del av
narkotikamiljoea verda over, UAVHENGIG av narkotikapolitikk. Det einaste
resultatet eg kan sjaa av den strenge lovgivinga vi har i Noreg er at
narkotikaproblema vi strir med er MYKJE MINDRE enn i mange andre land.
Dette foelger av det faktum at Lettare tilgang --> stoerre forbruk. Ditt
forslag til "loeysing" er dermed ein politikk for aa sikra at vi faar
fleire narkomane, og at fleire dopar seg paa hasj og andre stoffar.

Kva som saa er ein radikal narkotikapolitikk, faar eg koma tilbake til seinare.

Kameratsleg helsing
Paal

----------------------------Power to the people-----------------------------

I work at:
Paal Hellesnes Radio RV
Drillveita 4 n-7012 Trondheim PB 4443 n-7002 TRONDHEIM
Tlf: (access code) 477 350 9705 (access code) 477 351 2371

------------------------------------------------------------------------------