RE:_Om_å_gjøre_jentene_en_bjørnetjenest

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Thu, 6 Mar 1997 09:01:55 +-100

Bjarne Nærum skriv:
>Derfor er det også mange som hevder at jentene blir de beste systemarbeid-
>erne, fordi de ofte er mer opptatt av kommunikasjon enn ... la oss si
>datafriken er. Eller den jappete unggutten med dollartegn i øya og full
>servilitet overfor ledelsens og sjeldent sluttbrukernes interesser og behov.

Dersom dette stemmer, held jentene på å gjere eit kupp. Dei får bestemme
mykje over teknologien i framtida, ettersom dei har best kontakt med
brukarane og kan gje dei beste innspela til korleis brukarvennlege system
skal utformast. (Den teknologileiinga som høyrer meir på jappete og
servile unggutar enn på sluttbrukarane, blir ikkje gammal. Konkurransen
er nådelaus, og eit dårleg brukargrensesnitt betyr kroken på døra.)

>Dette blir mao. "A Man's
>Man's World" på nytt og på nytt, og jeg trodde vi var litt enige om at vi
>nå ville ha det litt annerledes og mer kjønnsmessig balansert i vår verden.
>Når det gjelder "kjønnsdelinga i arbeidsmarknaden ellers" har jeg i hele
>min tid oppfattet det slik at vi ønsket å motvirke og utjevne denne. Har
>jeg misforstått helt? Synes f.eks du, Lars Staurset, at dette ikke er noe
>å bry seg om (lenger)?

Eg kan jo ikkje godt svare ja på det siste, men dette temaet er litt for
stort for meg i kveld. På 70-talet trudde mange av oss (litt karikert) at
forskjellen mellom kjønna stort sett var fasongen på tissen, og at resten
var tillært. Med aktiv mot-læring skulle vi jamne ut forskjellane.

Så enkelt var det ikkje. Borna mine fekk både bilar og dokker, men etter
kvart sat jenta med Barbie og guten med Matchbox. Mange foreldre har nok
opplevd det same. Forskjellane er meir kompliserte enn vi gjerne ville tru
den gongen. Likevel er yrkeslivet kanskje litt mindre kjønnsdelt enn før,
etter som kvinnene har kome inn i ein del leiarstillingar og fleire jenter
tek høgare utdanning.

Men framleis er det mennene som vaskar pengar og kvinnene som vaskar
romper. Det er sjølvsagt urettferdig. I samanlikning synest eg nok at
kjønnsdelinga innafor den teknologiske arbeidsmarknaden er eit mindre
problem. Det er viktig å ha kvinnene der, av dei grunnane som er nemnde
ovafor, og det er betenkeleg dersom rekrutteringa sviktar. Men alle skal
ikkje gjere akkurat det same, og om dei fleste "bit-fiklarar" er menn,
så trur eg vi kan leve med det.

Det finst også andre grupper som truleg er underrepresenterte i teknologiske
miljø, og som kunne ha noko å tilføre der, f.eks. funksjonshemma av ulike
slag og etniske/språklege minoritetar (f.eks. nynorskbrukarar!).

>PS: Av og til lurer jeg på hvorfor vi gidder å diskutere dette, når
>jentene selv later til å gi fullstendig f... i disse spørsmåla. Hm.. Men
>så skjønner jeg jo at vi bare må holde på, likevel. Vi må holde på!

Kvifor må vi det? Kan nokre av jentene som visstnok "tittar" på forumet,
fortelje oss det?

Vennleg helsing Lars Staurset