Bjarne:
>Jovisst, så enkelt tror jeg (ofte, ikke alltid) det er.
>Heia Rosenborg!
Nei, det er ikkje så enkelt. God teknologi blir som regel skapt i samspel
mellom fleire slags menneske. Både bleieskiftaren og teknofriken må vere med
for å få eit godt resultat. Det trengst kjennskap til korleis produktet skal
brukast, og ofte til psykologi, ergonomi m.m. avhengig av type produkt. Men det
trengst også teknisk detaljarbeid. Om det går for seg om natta, spelar mindre
rolle. Men dei som har sansen for det, kan ha like stor glede av å løyse eit
teknisk problem som ein fiolinist har av å tolke Beethoven. Menneska er ulike,
og det er bra!
Utgangspunktet for denne diskusjonen var debattstilen på forumet, og etter
kvart kjønnsroller på Internett og i teknologien. Det er kanskje slik at menn
oftast jobbar med dei tekniske detaljane, medan kvinner interesserer seg meir
for bruken av teknologien. Om så er, er det eit problem? Eller rettare: Er det
eit større problem enn kjønnsdelinga i arbeidsmarknaden ellers?
Lars Staurset