Farvel til Klassekampen

Svein Lund (sveilund@telepost.no)
Tue, 28 Jan 1997 00:07:42 +0100 (MET)

Svein Lund
Pb.90
N - 9520 Guovdageaidnu
Noreg / Norway
tel/faø 78486877
e-post: sveilund@online.no

Klassekampen v/ redaktør Paul Bjerke
0134 Oslo

Eg ber om å få dette inn i avisa som mitt siste debattinnlegg.

Med helsing
Svein Lund

FARVEL TIL KLASSEKAMPEN

I lengre tid har eg og andre av Klassekampen sine venner og abonnentar i Nord-Noreg forsøkt gjennom alle tilgjengelige kanalar å påvirke Klassekampen til å bry seg meir om det som skjer her nord og ellers i dei såkalla "distrikta" eller "utkantane". Men i denne tida har avisa bare utvikla seg til å bli meir og meir Oslo-orientert, samtidig som store delar av stoffet har utvikla seg i meir og meir borgarlig retning.
Vi har forsøkt gjennom distriktsopprop og innlegg å få redaksjonen og styret for avisa i tale, men vi snakkar for døve øyre og skriv for blinde auga.
Etterkvart hører eg om fleire og fleire av dei gamle abonnentane som ikkje fornyar abonnementet, ettersom avisa ikkje lenger skriv om kvardagen vår eller står for det vi kjempar for.
Når det samtidig ikkje er nokon ansvarlige i avisa som er villige til å gå inn i ein diskusjon om dette, kan vi ikkje lenger forsvare å vere nyttige idiotar som bidrar økonomisk til å halde avisa oppe. Eg har tidligare skreve at eg seier opp aksjen og kommandittistandelen min, men avisa har ikkje så mye som bevilga seg å svare.
På dette grunnlaget har eg kome til at eg må bruke det einaste midlet eg har igjen, nemlig å seie opp abonnementet og for første gong sidan avisa starta i 1969 klare meg utan den månadlige - vekentlige - daglige Klassekampen.
Eg har mottatt rekning for eit års abonnement frå 1. februar. Når dette ikkje blir betalt, er det altså ikkje fordi at eg har glømt det bort eller at eg ikkje har råd. Det er det siste verkemiddelet mitt i kampen for å få ei bedre avis. Om dokker ikkje reagerer på anna, så kanskje dokker vaknar opp om det forsvinn tilstrekkelig med gamle abonnentar. Hjelper heller ikkje dette er avisa heller ikkje noko å forsvare og ho får bare vandre vidare utfor stupet.
Dersom redaksjonen og styret derimot ein gong blir opne for å diskutere med lesarane og ønske å få anna frå oss enn innbetalingskort, er eg og mange andre meir enn villige til å vere med i arbeide med å gjenoppbygge Klassekampen til ei progressiv sosialistisk avis for heile landet.

Svein Lund, Guovdageaidnu