>Det er utmerket at media har vært såpass pågående og kritiske de siste ukene at
>de har greidd å vippe ut både Rød-Larsen og Faremo. Det som nå kommer må ikke
>tolkes som en kritikk av akkurat dette.
(...)
>Dermed gjenstår det svært lite for de "politiske" journalistene; de må nøye seg
>med "det parlamentariske spillet", enkelte skandaler (Rød Larsen, POT), +
>føleriet og de nære samtalene med "ofrene" etter at de har gått av ("ofrene" er
>de samme folka som to dager før var de store skurkene. Et eksempel er Anne
>Grosvolds "jenteprat" med Anne Holt og Grete Faremo på tirsdag). Med dette
>begrensede rommet for hva de "politiske" journalistene kan ta opp, er det
>forståelig at de søker å presse sitronen maksimalt gjennom de forskjellige
>fasene en sak gjennomgår, til og med i en slik grad at de blir inkonsekvente.
Av og til ser eg journalistane for meg som ulvar rundt ein flokk
byttedyr. Som regel tør dei ikkje å gå nær innpå, men unntaksvis -
når ein av flokken er skadd - høgg dei til, og då går alle laus på det
same offeret. Når det ikkje er meir å hente der, kan dei "synast synd
på" det same offeret (samanlikninga med ulvar sluttar her), og så har
dei ei vinkling også til neste dags oppslag.
Terje Rød-Larsen er kanskje det beste eksemplet på dette. Informerte
journalistar må jo ha visst lenge i hovudtrekk kva han dreiv med i
80-åra. Med få unntak (Arne Eriksen, KK, andre?) valde dei å ikkje
skrive om det, kanskje fordi dei visste at han kunne slå hardt tilbake.
Då han først var komen ned på kne, kunne alle kaste seg over han.
POT-saka følgjer delvis det same mønsteret, men med POT i offer-rolla.
Faremo, Østgaard og Fosheim har ikkje vorte fokuserte som
enkeltpersonar i så stor grad som Rød-Larsen vart. Rimeleg nok,
ettersom feilgrepa deira ikkje hadde med privatlivet å gjere.
Det ein uvitande lesar må lure på, er jo alle dei Rød-Larsen- og
POT-sakene vi aldri får høyre om. I klårtekst: kva for leiarar i
regjering, embetsverk og næringsliv har eller har hatt kritikkverdig
og/eller ulovleg forretningsverksemd, som kanskje kan verke inn på den
måten dei gjer jobben sin på? Kva for private eller offentlege
organisasjonar har svin på skogen i måten dei har løyst oppgåvene sine
på? Kor mykje av dette kjem aldri for dagen, fordi "ulvane" er for
feige?
Resten av innlegget er eg heilt samd i, men det viktigaste akkurat no
er å gle seg over at noko faktisk har hendt dei siste vekene. Det kan
bli lenge til neste gong, - eller...?
God solsnufest, og måtte alle mapper sprekke i 1997!
Lars