KK OG AKP

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 8 Mar 1999 09:52:40 +-100

Hei.

AKP blir ofte kritisert for å ikkje ta del i ordskifta om Klassekampen, til dømes her på KK-forum. No ser eg noko som burde gledja kritikarane mykje; sekretær Bell skriv høviske, saklege innlegg der han freistar greia ut om sitt syn som best han kan.

Til desse saklege innlegga, som ein sjølvsagt kan lika eller ikkje lika innhaldet i, repliserer Arne Eriksen i ein stil og med eit innhald som ligg utom ein kvar folkeskikk. Om det er umogleg for Eriksen å føra ein debatt med AKP om KK, så trur eg ikkje det er Bell som er hindringa.

Dersom det einaste AKP-representantar blir møtt med på dette forumet er utskjelling og usakleg mistenkjeleggjering, vil dei truleg raskt koma til at dei tener partiet (og avisa Klassekampen) betre ved å nytta kreftene på anna enn KK-forum. Om Bell/AKP forsvinn ut av diskusjonen er det mogleg at Eriksen vil oppleva det som eit pluss at mytedaninga om dette Onde Parti kan gå føre seg utan innblanding frå objektet sjølv, men for debatten om Klassekampens framtid (i dette forumet) vil det vera eit stort minus.

Bortsett frå dét: Eg vil gje støtte til Bell og Michelets syn på føremålsparagrafen. Å laga ein "åpen" paragraf som ikkje er "revolusjonær og sosialistisk" vil anten tyda ein lure-opplegg som ingen vil la seg lura av, eller det vil tyda ei faktisk dreiing av avisas profil. Vekk frå folkets kamp og langsiktig perspektiv (som vi slett ikkje har for mykje av) og over til en jævla masse kampanje for etisk forbruk og Tobin-skatt (ikkje noko gale med nokon av delane, i og for seg), og med "takhøgde for Erik Solheim". Ei slik avis har mindre nisje enn KK, trur eg. KK må vera "Revolusjonær i vid forstand, og open for mange ulike systemkritikkar", eller noko slikt. Dette er langt frå ein målsetnad om å vera "klassisk (m-l)", og det er ganske nært det eg trur til dømes Erik Dammann ynskjer av Klassekampen. Vi er ikkje ei slik avis i dag, men vi må gå i den leia.

Men eg meiner samstundes at Trond Andresen har eit poeng når det gjeld AKPs evne til å sjå, knyta kontakt til og dra med støttespelarar frå fjern og nær, i varige alliansar for avisa. Praksis her på bruket fortel meg at det stort sett har vore folk med ståstad utom AKP som har gått i bresjen for å få til opprop med Senterpartistar, med SV-arar etc. Det er folk utom AKP som arbeider aktivt for å vida ut den politiske breidda, i til dømes Jubileumsnummeret. Rolla til AKP er ofte å krevja plass til og fokus på "aktivistane", evt på AKP. Dette er to heilt naudsynte sider ved vår verksemd, dei utelukkar ikkje kvarandre. Men eg meiner det er noko sant i påstanden om at AKP ikkje verkar å vera i stand til den nausynte alliansebyggjinga. Dette har mange årsaker, både andre sitt syn på AKP og AKP sitt syn på andre speler inn, begge delar resultat av historiske prosessar som ikkje kan reverserast. Men om motseiingar ikkje kan reverserast, så kan dei *overskridast*. Eg trur ikkje AKP kan!
oppnå ei slik overskriding "på eiga hand", vi er mange som må bidra frå kvart vårt hald. Men ein ting som IKKJE og ALDRI vil føra til overskriding av noko som helst, er destruktive åtak på AKP i einkvar samanhang.

Om ikkje anna så får Eriksen (og andre som måtte kjenna seg råka) læra seg å sjå *taktisk* på saka: Det er hovudaksjonæren i avisa Klassekampen vi snakkar til. Om det er Klassekampen som er det sentrale for oss (og ikkje å kritisera Det onde parti hardast mogleg), må vi ha ein taktikk andsynes AKP som tener avisa. Det har definitivt ikkje Eriksen, etter mitt syn.

Ærbødigst,

magnus e marsdal
----------
Fra: Arne Eriksen[SMTP:arne@trollnet.no]
Sendt: 8. mars 1999 09:45
Til: klassekampen-forum@aksess.no
Emne: Re: OPPKLARING TIL ERIKSEN - skattespørsmål

Asgeir Bell skrev avslutningsvis i sin klagjøring:

Det er fint om Arne Eriksen gjev uttrykk for kvifor andre kan utøva
eigarskapet
>betre enn AKP og dei andre aksjonærane i Klassekampen. Det ser eg nemleg
ikkje
>bort frå, men det vil vel utrykka seg i eit program eller politikk som er
>annleis enn AKP sitt. Kan du gjera greie for det ?

1. Dette var i sannhet klargjørende. Det har alltid vært bedriftseieres
argument at de andre som ønsker innflytelse og medansvar i en bedrift,
neppe kan gjøre det bedre enn "oss", i så fall bør det dokumenteres på
forhånd, før man gjør et så "uansvarlig eksperiment". (Anførselstegnene
angir ikke sitat fra Bell, men fraser fra bedriftseiere i lignende
situasjoner).
Asgeir Bells holdning til at eventuelle andre grupper skulle bli
representert i Klassekampens styrende organer (NB! i mindretall i forhold
til AKP) er like arrogant, sjølnytende og provoserende som
arbeidsgiversiden var da det ble foreslått at de ansatte burde bli
representert i bedriftenes styrer. Hva i all verden kan andre ha å tilføre
bedriften, hvilken kompetanse har de, og framfor alt, hva er det EGENTLIG
de vil med bedriften?
Asgeir Bell klargjør framfor alt at et samarbeid med AKP om Klassekampen
sannsynligvis er mer utopisk enn et sosialistisk Norge.

2. Asgeir Bell klargjør videre at jeg har misforstått hans formulering om
at AKP visste at den forrige emisjonen skulle koste. Jeg trodde reduksjonen
av AKPs andel fra 100% til 49,7% hadde kostet AKP et eller annet, og spurte
hva dette kunne være. Asgeir Bell viser at jeg misforsto, emisjonen kostet
ikke AKP noe som helst. Dette var grei informasjon fra AKPs sekretær, -
kanskje AKP tvertimot hadde fordel av emisjonen, økonomisk og politisk?

Bell fastslår videre at emisjon fortsatt er AKPs måte å få inn penger til
KK, ikke aksjesalg av AKPs beholdning. Bell vet at dette markedet er tørket
inn etter emisjonen på 5,9 millioner kroner. Salg av AKPs beholdning etter
mitt forslag kan gjøres raskt uten formaliteter og har det gode
salgsargument i tillegg at det reduserer AKPs posisjon samtidig, en
demokratisk gevinst som det finnes marked for, - men AKP vil ikke betale
skatt!
Og i mellomtida forgår Klassekampen. Å tro at billige korttidsabonnementer
skal kunne konverteres effektivt til vanlige årsabonnementer, er å tro på
julenissen. Men hva skal AKPs sekretær og Klassekampens redaktør ellers tro
på i disse tider?

vennlig hilsen

Arne Eriksen
Postboks 937
9001 Tromsø
e-mail: arne@trollnet.no
tlf. +47 77687034