Re: Trygg mat-alliansen om fiskeeksporten

Oddmund Garvik (garvik@wanadoo.fr)
Fri, 6 Nov 1998 11:14:24 +0100 (MET)

Lars Staurset:

>Trygg mat-alliansen i Møre og Romsdal sender no brev til alle
>stortingsrepresentantane med informasjon om fiskeeksporten. Alle kan
>lese brevet på ...

Kvifor bruke energi på dette? Veterinæravtalen kjem til å bli vedtatt i
Stortinget. Det er på høg tid å bla om til neste side.

Heile dette spørsmålet er dessutan ei sak for dei rike. Eit overveldande
fleirtal av menneska i verda har andre bekymringar: få seg mat i det heile
teke, overleve.

Har ein budd i den tredje verda ei stund, og dreg attende til det rike
opphavet sitt, blir ein slått av dei skrikande kontrastane, i det minste om
ein har observasjonsevne, og er nokolunde sanseleg. Perspektivet blir eit
heilt anna.

Denne "venstresida" som heng seg på alle slags populære, "nære" merkesaker,
og brukar energien sin på å pønske ut juridisk og "folkerettsleg"
fiksfakseri for å forsvare nasjonale særinteresser, har mist sansen for
proporsjonane.

Det er nesten grotesk no like etter at "Mitch" raserte livet til titusental
av menneske. "Verdssamfunnet" sit berre og glanar, særleg verdssheriffen,
som elles aldri har lagt band på seg for å gripe inn i Mellom-Amerika.
Verdssheriffen har meir sut for korleis han skal klara å stable på beina
ein ny militærstyrke til den persiske golfen. FN treng ein ikkje ein gong
nemne...

Oddmund Garvik