Eit ekstremt eksempel på kunnskapsløyse, eller kanskje kunnskapsredsle,
er Pax-leksikon frå 70-åra. Det er 6 tjukke bind fulle av politisk
korrekte (på den tida) synspunkt og meiningar, men omtrent fritt for
faktiske opplysningar. Det duger ikkje til anna enn blomsterpresse.
Kunnskapsløyse er altså ikkje nytt for 90-åra.
Eit ekstremt eksempel på det motsette er Cappelens eittbinds-leksikon
frå 1961 (62?). Det tek omtrent like mykje plass som ein videokassett,
og inneheld utruleg mykje informasjon. Eksemplaret mitt er omtrent i
filler, og eg bruker det framleis.
Leksikonet til Solberg kjenner eg ikkje, men akkurat det han refererer,
høyrest då ikkje så dumt ut?
Forflating i skulen? Kanskje. Der eg vaks opp i 50-60-åra, fekk alle 8
års skulegang (folkeskule og framhaldsskule). Få av jamaldringane mine
gjekk vidare på dei allmenndannande skulane, realskule (no ungdomsskule)
og gymnas (vidaregåande). I stor grad var det dei mest motiverte og
truleg teoretisk flinkaste (modnaste) elevane som gjekk den vegen. Dei
andre tok yrkesutdanning eller gjekk rett ut i arbeidslivet. Mange av
dei har teke allmennutdanning i vaksen alder.
Vi kan ikkje kritisere skulen no for forflating og kunnskapsløyse, når
vi samstundes krev at alle ungdommar skal gå der, enten dei er motiverte
og modne for det eller ikkje. Når alle skal lære det same, må nivået bli
lågare enn den gongen allmennskulen var til for nokre få. Dessverre
gjeld det også matematikk, særleg dei meir abstrakte delane av faget.
Reform 97 har likevel lagt lista høgt, med å leggje mykje kunnskap inn i
lærebøkene. Eg er spent på korleis dette vil verke i praksis. Kanskje vi
skal gje reformene ein sjanse?
Lars Staurset