RE: Frps oppslutning

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 4 Jul 1997 15:09:22 +0200

Jon Hareide Aarbakke skreiv:

>FrP tar opp saker som angår arbeidsfolk. Helse, de eldre, innvandrere.
>Skatt. Frihet. Se intervjuer med gamle Ap-velgere i diverse aviser.
>
>Sylvia Brustad mot FrPs Siv ett-eller-annet på radioen i førre veckan om
>kontantstøtte, hørte noen den? Brustad er jo kort og godt en elendig
>debattant, stakkar.

Jon har sikkert rett (sjølv om eg ikkje høyrde debatten på radioen, og ikkje
kan gje karakter til den). FrP er flinke til å plukke opp nokre saker som
engasjerer arbeidsfolk og pensjonistar. Dei vender samstundes harmen mot
andre grupper. Særleg forsvarslause som innvandrarar og einslege mødre får
gjennomgå, men også byråkratar og politikarar (frå andre parti).

Derimot går dei aldri laus på børshaiar og spekulantar, eller for den saks
skuld "seriøst" næringsliv, bortsett frå det som staten eig. Ord som "japp"
bruker dei ikkje. Du finn dei aldri i spissen for lønnskamp, arbeidsmiljø,
regulert arbeidstid, organisasjonsfridom (bortsett frå når dei kan hakke på
LO), likestilling og rett til utdanning. Langsiktige mål, som å berge klimaet
og sikre matforsyninga, er for kompliserte for dei. EU vil dei snakke minst
muleg om.

Alle desse sakene er også viktige for arbeidsfolk, og svært mange er opptekne
av dei. Kvifor er det ingen som konfronterer Hagen med dei? At Ap ikkje gjer
det, er naturleg, sidan dei helst er på linje med FrP i desse sakene, men kva
gjer RV og SV?

Tidlegare i denne debatten har Solveig Mikkelsen og Jon Ivar Skullerud vore
inne på at det er noko positivt med oppslutninga om Hagen. Eg ville ikkje ha
brukt eit slikt ord; sjølv om det kan vere bra med eit oppbrot frå Ap, er FrP
trass alt verre. Dersom denne oppslutninga festnar seg, går vi harde tider i
møte!

Lars Staurset